Nyheter

5. desember 2023

Vi har gleden av å ønske Irene Nordvik velkommen til ABO Plan & Arkitektur AS

Irene er en erfaren ingeniør med over 25 års erfaring innen krevende prosjektarbeid. Hun er...

7. juli 2023

Ny leder for arkitektavdelingen i ABO Plan & Arkitektur AS

Øyvind Tveit er ansatt som avdelingsleder/fagleder for arkitektavdelingen med virkning fra 1. september. Han kommer...

6. juni 2023

Reguleringsplan for Hegreneset på høring

Bergen kommune la 3. juni ut reguleringsplan for Hegreneset på høring. Planforslaget er utarbeidet på...

Oversikt

Her kan du se relevant informasjon om byggesaker og reguleringsplaner

Kunde

Status

Størrelse

Adresse

Byggesaker

Bjørnavegen- utviding av veg

10.11.2021 vart det sendt ut nabovarsel om dispensasjon frå oppføring av 50 meter veg og fortau per einebustad innanfor reguleringsplan for Bjørnevik.

Til nabovarselet i 2021 kom det inn merknader frå naboar, men Plan og Bygningsutvalet godkjente i møte den 6.4.2022 søknad om dispensasjon frå pbl. § 18-1, krav om opparbeiding av veg og fortau langs Bjørnavegen på følgjande vilkår: Søkjar bidreg med ytterlegare opparbeiding av 75 meter veg og fortau langs Bjørnavegen i tråd med reguleringsplan. Plasseringa skal avklarast med samferdselsavdelinga i kommunen før søknad etter pbl §20-1.

I brev datert 13.05.2022 klaga Statsforvaltaren på vedtaket til Planutvalet. Statsforvaltaren viser til at 75 m ikkje er tilstrekkeleg, men seier samstundes at full opparbeiding vil vere svært byrdefullt.

Løysinga som no blir føreslått er godkjent av byggjesak og samferdsleavdelinga i Bjørnafjorden kommune. Den viser utviding av veg på totalt 150 meter, sjå vedlegg, og er ei forlenging av allereie godkjent løysing for dei første 50 metrane. Utvidinga går over bakketoppen ved avkøyrsel til høgdebassenget og fram til avkøyrsel ved Bjørnavegen 117.

Sjå vedlegga for ytterlegare beskriving av tiltaket.

 

Tiltakshavar er Os Hus AS

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til ABO Plan & Arkitektur AS:

Unni Sjursen

Tlf: 900 29 764

e-post: unni@abo-ark.no

 

Vedlegg:

Bjørnavegen-utviding

Søknad om dispensasjon datert 08.09.2023

Varslingsbrev disp 2023



Varsel om dispensasjon fra plankrav for etablering av boliger i Hesjaholten borettslag i Fyllingsdalen, gnr. 22, bnr. 175 og 530.

I medhold av plan- og bygningsloven § 19-1 søkes det med dette om dispensasjon fra:
KPA2018 §3 Plankrav pkt. 3.1 med hensyn til plankrav for tiltak etter pbl. § 20-1 a) når gjeldende plan er vedtatt etter hjemmel i pbl. av 1985 eller nyere lov.
Området ligger i ytre fortettingssone, sone 3, i gjeldende kommuneplan.

Formålet er å legge til rette for variert boligbebyggelse i 3 etasjer + garasjekjeller med rekkehus og leiligheter i ulik størrelse.
Det er ønskelig å legge til rette for boliger for alle grupper barnefamilier, enslige, unge og eldre. Alle leilighetene vil være universelt tilgjengelige med gode uteareal. I tillegg vil parken i sør bli opparbeidet.
Maks byggehøyde på nytt planlagt bygg er 55 moh. Det er lagt opp til ca. 29 boenheter. Tilkomsten til området er via Hesjaholtveien.

Eventuelle spørsmål kan rettes til ABO Plan & Arkitektur AS:
Innspill til dispensasjonssøknaden kan sendes skriftlig til:
Alle mottatte dokument, innspill/merknader o.l. blir sendt samlet til kommunen sammen med dispensasjonssøknaden.

Frist for merknader er satt til 25.09.2023 (2 uker)

Etter at fristen for innspill og merknader er gått ut, vil dispensasjonssøknaden oversendt Bergen kommune for behandling.

 

Vedlegg 1. Oversiktskart 29.08.2023

Vedlegg 2. Søknad om dispensasjon – 23.08.2022

Vedlegg 3. Situasjonsplan

Vedlegg 4. Perspektiver

Vedlegg 5. Plantegninger og fasader

Vedlegg 6. Referat fra veiledningsmøte



Gjervikflaten 5 – Etablering av Hagesenter

Det er sendt nabovarsel for søknad om rammeløyve eigedomen gnr. 188 bnr. 5 i Alver kommune. Søknaden omfattar etablering av hagesenter på eigedomen og etablering av kryss med passeringslomme for E39 for tilkomst til hagesenteret. Søknaden omfattar også ein dispensasjon for etablering av passeringslomme
Tiltakshavar er Gjervikflaten 5 AS og ansvarleg søkar er ABO Plan og Arkitektur AS.

Hagesenteret vil være ein bygning på om lag 1800 m2 med eit utvendig salsareal på om lag 1460 m2. Hovuddelen av hagesenteret vil være ca. 7 meter høgt, med ein oppheva inngangsområde på ca. 8,5 meter.

Eksiterende avkjørsel på vest-sida vert føreslått stengt og flyttast lengre sør-vest. Trafikk frå eksisterande bustadar i området skal då nytte seg av dette nye krysset. Trafikkmengda vil auke i avkjørsla ved etablering av eit nytt hagesenter og tiltaket vil kunne føre til auka sannsyn for påkøyringsulykker bakfra på E39 for venstresvingande bilar. Det skal derfor etablerast ei passeringslomme for at bilar som kjører mot aust skal kunne passere bilar som ventar på kryssande trafikk ved innkjøyring til hagesenteret. Ved bygging av kryss vil gang- og sykkelveg bli trekt 5 m bak i kryssområde. Eksisterande avkjørsel på vil bli liggande der den er etablert i dag.

Det er godkjent teknisk plan for veg, vatn og overvatn.

Det er tidlegare søkt og godkjent dispensasjon frå kommunedelplanen (KDP) for Knarvik, Alversund og Alverstraumen for etablering av nytt hagesenter med tilhøyrande parkeringsplassar og infrastruktur på gbnr. 188/5 i Gjervik.

S 001 – Situasjonsplan 03.11.2022

Søknad om dispensasjon 09.12.2022

Snitt

Fasader



Nabovarsel Nilsavegen

Bjørnafjorden kommune skal etablere fortau langs kommunal veg Nilsavegen.

Det er planlagt etablert fortau med breidde på 2,0 meter på sørsida av Nilsavegen fram til undergangen. Som følgje av nytt fortau vert linjeføringa på vegen noko justert i retning Halhjemsvegen (nord).

Føremålet med tiltaket er å gjera det tryggare for gåande langs vegen. Vedlagte teikningar syner planlagt løysing.

Spørsmål om innhaldet i nabovarselet kan rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Ola Klyve Dalland

ola@abo-ark.no

90021198

Frist for merknader: 22.10.2021

Vedlegg:

Nilsavegen Tegningshefte 01.10.2021



Mosamyra

Austevoll kommune skal etablere fortau langs kommunal veg Mosamyra. Det er og planlagt utviding av eksisterande køyreveg i samsvar med områdeplan for Storebø.

Det er planlagt etablert fortau med breidde på 2,0 meter på austsida av kommunal veg Mosamyra. Det vil bli gjennomført vegutviding mellom eksisterande veg og planlagt fortau. Langs planlagt fortau vil det bli etablert veglys.

Spørsmål om innholdet i nabovarselet kan rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Ola Klyve Dalland

ola@abo-ark.no

90021198

 

Merknader til nabovarselet kan sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

post@abo-ark.no

eller

ola@abo-ark.no

Nabovarsel

LAY_B-001

LAY_C-001

LAY_F-001

LAY_IN-101

LAY_J-001

LAY_U-001

LAY_U-002

LAY_U-003



Nabovarsel: Haugen, 5645 SÆVAREID

Beskrivelse av hva nabovarselet gjelder

Det varsles om fradeling på gnr. 193 bnr til 1 -4 boligtomter.

Merknader

Du har som nabo rett til å komme med merknader til byggeplanene innen 14 dager fra nabovarselet er sendt. Vi som er ansvarlige for byggeprosjektet, skal sende eventuelle merknader, med våre kommentarer til hver merknad, til kommunen sammen med byggesøknaden. Vi kan også velge å endre byggeprosjektet, og varsle alle naboer på nytt.

Spørsmål om innholdet i nabovarselet kan rettes til Kontaktperson:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Ola Klyve Dalland

E-post: ola@abo-ark.no
Telefon: 90021198
Søknadens hjemmeside: www.abo-ark.no

Merknader til byggeplanene kan leveres via Altinn eller sendes til søker:
Søker: ABO Plan & Arkitektur AS
Telefon: 90021198
E-post: post@abo-ark.no
Postadresse: Postboks 291, 5203 Os

Relevante dokument:

Haugen gnr93 bnr 1_deling_ 11.11.21.

Haugen gnr93 bnr 1_deling_ 11.11.21._ortofoto

Nabovarsel

Dispensasjonssøknad 26.01.2021

1521935_1_A

 



Spro Havn gang og sykkelveg – nabovarsel

Nabovarsel ifm. søknad om ett-trinn,gang – og sykkelveg , Rv157

SPRO-FAGERSTRAND, NESODDEN KOMMUNE

Søknaden omfatter gang-og sykkelvei Rv157, Spro-Fagerstrand, samt riving/flytting av bygninger langs traseen.

LAY_C-001

LAY_C-002

LAY_C-003

LAY_C-004

LAY_C-005

LAY_C-006

LAY_C-007

LAY_C-008

LAY_C-009

 



Marikoven kai og industriområde

På vegne av Marikoven Eiendom AS varsler vi om søknad om tomte- og terrengarbeider for den ubebygde delen av den eksisterende næringseiendommen i Marikoven.

Aktuelle tiltak er:

  • Planering av egne ubebygde tomtearealer ned til ca. kote 3,5 og en delvis utfylling i sjø for å øke nyttbare deler av arealet inntil den eksisterende kaien
  • Tilrettelegging på del av tomten for midlertidig rigg- og avlastingsareal, aktuelt for entreprenører som skal bygge fylkesveganlegget Skiftesvik – Marikoven

Alt arbeid på tomten forutsettes å skje innenfor vedtatte forskrifter og de vilkår som Askøy kommune vil sette ved behandling av søknaden.

For også å kunne gi den aktuelle informasjonen om initiativet direkte, inviterer vi naboer til en orientering om tiltaket, onsdag den 14. august kl. 1800 i kontorbygget i Marikoven, 2 etasje.

 

Snitt -terreng ny og eksisterende

Varslingsbrev

Situasjonskart

Nabovarsel

Søknad om utfylling i sjø

 



Idrettsvegen – Myrvollen Innfartsparkering

Det varsles om etabelring av innfartsparkeing på gnr. 54 bnr. 78.

Tiltaket vil legge til rette for etablering av ca 29 parkeringsplasser, fortau og tilkomstveg.

Tegningsgrunnlaget for tiltaket ligger i vedlegg under:

Oversiktstegning 1
Plan og profil 1
Normalprofil 01
Normalprofil 02



Reguleringsplaner

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERINGSPLAN MARIVEGEN, GNR./BNR. 44/4 M.FL., BJØRNAFJORDEN KOMMUNE

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av detaljreguleringsplan for bustadområde i Marivegen, gnr. 44 bnr. 4 m.fl. i Bjørnafjorden kommune.

Om planområdet og planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for bygging av konsentrerte bustader og bustader i blokk med tilhøyrande infrastruktur og uteopphaldsareal i området sett av til sentrumsføremål i ny kommunedelplan for Bjørnafjorden vest.

Planarbeidet er i samsvar med kommunedelplan for Bjørnafjorden vest og strategisk plan for Halhjem sentrum.

Planavgrensinga er tilpassa pågåande detaljreguleringsplan for naboeigedom Marivegen, gnr. 44 bnr. 3, og infrastruktur, uteopphaldsareal, løysing for renovasjon og arkitektoniske grep må sjåast i samanheng med denne planen i det vidare planarbeidet.

Planen er vurdert til ikkje å løyse ut krav om konsekvensutgreiing jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Planområdet er om lag 21 daa.

Tiltakshavar er Halhjem sentrum AS og  plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

 

Plangrense

Oversiktskart

Referat frå oppstartsmøte Marivegen vest 44-4

Planinitiativ Marivegen 44_4

 

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Mathilde Ilper Johnsen

e-post: mathilde@abo-ark.no

tlf: 928 36 077

 

Frist for innspel og merknader

Frist for uttale til oppstart av planarbeidet er sett til 08.05.2024. Uttaler og merknader skal vere skriftleg og sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

eller

e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Bjørnafjorden kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS sørge for i samband med innsending av planforslaget.

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vert det utarbeida eit detaljert planforslag som skal handsamast av Bjørnafjorden kommune. Planforslaget vert så lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å kome med innspel og merknader til planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta vil ein gå gjennom innkomne innspel og merknader og evt. justere planforslaget før endeleg godkjenning.

Dette planarbeidet vil bli koordinert med pågåande  detaljregulering for Halhjemsvegen, Marivegen gnr.44, bnr.3 (butikkplanen).



Melding om oppstart av planarbeid – Detaljregulering for Straumsreset hytteområde Fitjar kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan Straumsreset hytteområde på Kråko. Planarbeidet vert utført på vegne av tiltakshavar Thorland Bygg og Eigedom AS v/Geir Thorland.

Det vart halde oppstartsmøte 19.10.2023, der det var einigheit om at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing, men ikkje planprogram.  Forslag til relevante tema for konsekvensutgreiing er følgjande: Landskap. Strandsoneverdiar og friluftsliv. Naturmangfald, landskap og maritimt miljø.

Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å justera regulert situasjon ifht. bygd situasjon og regulert situasjon, samt legge til rette for fortetting innanfor planområdet. Fortettinga inneber fleire einingar enn gjeldande plan opnar for, og ein ynskjer også å vurdere ei høgare utnyttingsgrad enn det reguleringsplan Kråko opnar for. Planframlegget vil legge til rette for forskjellig type bygningar med ulik utforming. Ein ønskjer at fortettinga skal vera skånsam og ta omsyn til eksisterande terreng og eksisterande hytter i området. Intensjonen er å innordne seg landskap og eksisterande bygningar i området. Ein vil ha fokus på å legge til rette for allmenn ferdsel og grøntareal innanfor planområdet. Sjå følgjebrev, planinitiativ og situasjonsplan for detaljar.

Planområdet er avgrensa med bakgrunn i eigedomsgrenser, samt behov for infrastruktur og heilskap i området. Forslag til planområde utgjer om lag 190 daa.
I etterkant av oppstartsmøtet har ein etter avtale med kommunen utvida planområdet med gnr. 61/269 og 61/379 etter ønske frå grunneigar og tiltakshavar.

Planframlegget vil vera ei omregulering av deler av eksisterande detaljregulering for Kråko (2003), og deler av reguleringsplan HK-11, HK-76 og H-102, gnr 61 bnr 269, 148 og del av 273, Kråko (2013). I tillegg til desse omfattar planområdet 4 delplanar: Delplan H101, N13, N14, N15 (2009) der planendringa omfattar deler av delplanen for N101 og N15. Delplan H70, 71, 72, 72 (2005), der planendringa omfattar heile delplanen. Delplan H96, 98, 111 og 112. HN11a, N16 og S8, der planendringa omfattar heile delplanen. Delplan Kråko gnr. 61 bnr. 395 mfl., (2010) der planendringa omfattar store deler av delplanen.

Merknader
Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no innan høyringsfristen: 08.05.2024

Vedlegg:
Følgjebrev. Varsel om oppstart Straumsreset
Planavgrensing 02.01.2024-A1
Vedlegg. A10-1 Situasjonsplan
Vedlegg. Planinitiativ Straumsreset. 13.09.2023
Vedlegg. Prinsippsøknad, oppstart Straumsreset hytteområde. 01.11.2023
Vedlegg. Politisk vedtak oppstart 14.11.23
Vedlegg. Referat frå oppstartsmøte



Melding om oppstart av planarbeid – Reguleringsendring Hamn, del av gnr. 65, 67 og 68. Fitjar kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at oppstart av arbeid med endring av detaljreguleringsplan Hamn, del av gnr. 65, 67 og 68. Planarbeidet vert utført av ABO Plan & Arkitektur Stord AS på vegne av tiltakshavar Havnehagen AS.
Det vart halde oppstartsmøte 28.09.2023, der det var einigheit om at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing. I etterkant av møtet har ein utvida planområdet noko i sjø, etter einigheit med kommunen.

Planområdet er avgrensa med utgangspunkt i gjeldande plan. Til forskjell er godkjent plan for Rossneset barnehage gbnr. 65/533 trekt utanfor plangrensa, samstudes som planområdet er utvida  for å inkludere del av eksisterande småbåthamn. Planendringa vil i hovudsak vera justering av gjeldande plan for arealføremålsgrenser, arealføremål og type bebygggelse for spesifikke delområde. Sjå planinitiativ og prinsippsøknad for detaljar kring kva delområde ein ønskjer å gjera endringar på.

Oppstart av planarbeidet er initiert på bakgrunn av kommunen sin kontakt med tiltakshavar, der kommunen peika på behov for å leggja til rette for fleire rimelege bualternativ i sentrumsnære strøk. Rossneset vart her under trekt fram som eit av dei mest populære og sentrumsnære områda, der ein har ynskje om å kunne tilby ein meir variert butypologi tilpassa ulike brukargrupper. I samband med dette vart det drøfta ei omregulering av regulert og ubygd areal for konsentrert utbygging til frittliggjande bustadar. Samstundes drøfta ein også mogleik for å omregulere område for offentleg eller privat tenesteyting (tidlegare tenkt for barnehage) til frittliggjande bustadar. Utover dette omfattar planendringa elles mindre tilpassingar av plankart og føresegner.

Merknader
Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no innan høyringsfristen: 18.04.2024

Vedlegg:
Følgjebrev. Varsel om oppstart
Planavgrensing
Planinitiativ_Rossneset 11.09.2023
Prinsippsøknad, Reguleringsendring Hamn, del av gnr. 65, 67 og 68. 01.11.23
Vedlegg. Politisk handsaming oppstart
Referat frå oppstartsmøte



Varsel om oppstart av reguleringsplan for utviding av Inka, gnr/bnr 29/333 m.fl.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av reguleringsplan for utviding av eksisterande Inka-fabrikk på Røtinga i Bjørnafjorden kommune.

Om planarbeidet
Formålet med planen er å utvide eksisterande fabrikk for å sikre større frysekapasitet. Dette vil gje ein betre drift av fabrikken, som no har utfordringar med kapasitet i anlegget på grunn av for lite fryselager.

Planarbeidet er ikkje i tråd med overordna kommunedelplan for Bjørnafjorden vest, der eigedomen er avsett til grønstruktur.

Planområdet ligg innanfor bandleggingssona for Hordfast, der det er krav om reguleringsplan for alle tiltak. Det har vert halde eit møte med SVV for å gjere innleiande avklaringar knytt til korleis utviding av fabrikken kan koordinerast med SVV sine vegtiltak i området for regulering av Hordfast.

Planen er vurdert å løyse ut krav om konsekvensutgreiing jf. forskrift om konsekvensutgreiing for tema friluftsliv. I samband med statleg plan for Hordfast er det gjort fleire kartleggingar og konsekvensutgreiingar knytt til naturmangfald og kulturminne. Planlagt tiltak vil ikkje vere i konflikt med funn som er gjort i samband statleg plan for Hordfast. Vurdering knytt til konsekvensutgreiing går fram av vedlagt planinitiativ.

Planområdet er om lag 17 daa.

Tiltakshavar er Inka Bygg og Eigedom AS og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:
ABO Plan & Arkitektur AS
v/ Mathilde Ilper Johnsen
e-post: mathilde@abo-ark.no
mobil: 92836077

 

Frist for innspel og merknader

Frist for uttale til oppstart av planarbeidet er sett til 12.04.2024. Uttaler skal vere skriftleg og sendast til:
ABO Plan & Arkitektur AS
Postboks 291
5203 Os

eller

e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Referat frå oppstartsmøte Gjelevika, utviding INKA

Planinitiativ INKA 19.02.24

Plangrense Oversikt

 

 



Varsel om oppstart og offentleg ettersyn planprogram, Detaljregulering for Røysaneset industriområde – Høylandsbygd, 202/140 mfl. Kvinnherad.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at oppstart av arbeid med detaljregulering for Røysaneset industribase- Høylandsbygd 202/140 mfl. Kvinnherad kommune, Plan-ID 20230002. Tiltakshavar er Røysaneset Industribase AS og Halsnøy Industribase  AS. Planområdet ligg i Høylandsbygd, på Halsnøy i Kvinnherad kommune. Det vart halde oppstartsmøte 03.08.2023, der det var einigheit om at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing og planprogram. Planprogrammet er saman med varsel om oppstart sendt på høy­ring.

Hovudføremålet med planen er å leggje til rette for næring i form av maritim industri. Det har vore aktiv industridrift på området sidan 1970-talet. Det er planar om å vidareføre dagens aktivitet på området, samt utvide og foredle anlegga og aktiviteten. I dag er området nytta til ulike typar maritime tenester, der m.a. Halsnøy Dokk, Tronds Marine Service og Elektroen AS er etablert med skipsverft, industribase, verkstad, lager og kontor. Dei seinare åra har det blitt rydda opp på området, og det er lagt langsiktige planar for utvikling og drift. Planområdet er 507 daa. Det er berre eigedomane gnr. 202/33, 38, 132, 140, 141 og 142 som skal regulerast til i til næringsføremål. Plangrensa omfattar berre deler av eigedomar som grenser til hovudvegane i området. Desse er med grunna kommunalt krav om utbetring av vegføremål, samt for å sikre siktforhold. Det er utarbeida førebels vegteikningar som illustrerer vegutviding, fortau etc.. Plangrensa vil kunne verta redusert til å berre omfatte areal som det er trong for å regulere som del av planarbeidet.

Kommunen har vurdert at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing, og planprogram. Sjå planprogrammet for detaljar.

Ope folkemøte
I samband med innspelsperioden vert det arrangert ope folkemøte. Føremålet med møtet er å informere om arbeidet og få innspel til det vidare planarbeidet.
Folkemøtet vert arrangert 11. april 2024 kl. 1700, kantina i administrasjonsbygget til Tronds Marine (Røysanesvegen 18).

Merknader
Moglege merknader og synspunkt til planarbeidet skal sendast skriftleg til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord
Eller e-post: poststord@abo-ark.no / kari-hilde@abo-ark.no innan høyringsfristen: 22.04.2024

Vedlegg:
Følgjebrev. Varsel om oppstart
Planprogram Detaljregulering for Røysaneset industribase – Høylandsbygd. 27.02.2024
Planavgrensing 01.02.2024
Planavgrensing 01.02.2024 med veggeometri
Planinitativ Høylandsbygd industribase. 11.05.2023
Referat oppstartmøte og avklaring plangrense og veg