DETALJREGULERINGSPLAN FOR MOTTAK, MELLOMLAGRING OG EKSPORTANLEGG FOR CO2

9.2.2018

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 blir det varsla oppstart av detaljregulering for mottak, mellomlagring og eksportanlegg for CO2

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-9 vert forslag til planprogram i samband med reguleringsplan lagt ut til offentleg ettersyn.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å regulere mottaksanlegg for CO2 i Naturgassparken i Øygarden kommune og røyrleidningstrase for transport av CO2 til 1 nautisk mil utanfor grunnlina. Dette omfattar også sjøareal i Fedje kommune.

Det skal fangast CO2 frå industrianlegg på austlandet som skal transporterast med skip til mottaksanlegg i Naturgassparken. Her vil CO2 pumpast over frå skip til tankar på land, før den vert sendt i røyr og injisert og permanent lagra omtrentleg 1000 – 2000 meter under havbotnen.  

Det vil bli vurdert fleire alternative røyrleidningstrasear frå Naturgassparken og ut til injeksjonsbrønn. Dei ulike røyrleidningstraseane er ein kombinasjon mellom gjenbruk av eksisterande røyrleidningar/etablering av ny  og etablering av komplett ny røyrleidningstrase. Reguleringsplanen vil avklare byggeformål, arealbruk og omsynssoner som vil bli gjeldande for planområdet. Planprogrammet vil legge rammene for plan- og konsekvensutgreiinga som skal utførast i samband med detaljreguleringa.

Tiltakshavar for planarbeidet er Statoil ASA v/Northern Lights prosjektet. Plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

Planområdet

Planområdet er totalt ca. 75 500 daa og strekk seg over Øygarden og Fedje kommunar. Ein vil ved varsel om oppstart av planarbeidet ta med eit større område enn naudsynt. Dette for å sikre tilstrekkeleg areal for midlertidig anleggsområde, sikringssoner og vurdering av dei alternative trasèane m.m. Planområdet vil bli redusert i løpet av planprosessen til kun å omfatte naudsynt areal.

Konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert å utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. Plan- og bygningslova §4-1. Vidare skal planomtalen gje ei særskilt vurdering – konsekvensutgreiing – av planen sine verknader for miljø og samfunn jf. Plan- og bygningslova § 4-2. Formålet med ei konsekvensutgreiing er å få klarlagt verknaden av tiltak som kan ha vesentlege verknader for miljø, naturressursar og samfunn for reguleringsplanen. Konsekvensutgreiinga vil bli gjennomført med grunnlag i vedteke planprogram etter føresegnene i plan- og bygningslova.

Planprosess

Det er gjennomført oppstartsmøte med Øygarden kommune 13.11.2017 og Fedje kommune 4.1.2018. Forslag til planprogram blir sendt på høyring, samtidig med varsel om oppstart av planarbeidet. Høyringsfristen vert sett til 6 veker. Etter at frist for merknader er gått ut, vil ein i samråd med Øygarden og Fedje kommunar vurdere endringar i planprogrammet med bakgrunn i innkomne merknader. Endeleg planprogram skal fastsettast av kommunane.

Etter at planprogrammet er fastsett, vil ein starte utarbeiding av reguleringsplanen med tilhøyrande konsekvensutgreiing. Etter at reguleringsplanen med konsekvensutgreiing er ferdig utarbeidd vil planforslaget bli 1. gongs handsama i kommunane. Planforslaget vil så bli lagt ut til offentleg ettersyn jf. § 12-10 i plan- og bygningslova i 6 veker. Det vil da vere mogleg å kome med innspel og merknader til det utarbeidde planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta vil ein gjennomgang av innkomne innspel og merknader bli vurdert og eventuelle endringar i planforslaget vil bli gjennomført før 2. gongs handsaming i Øygarden og Fedje kommunar.

I samband med offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeid, vert det invitert til informasjonsmøte for nærare informasjon om planarbeidet. Møtet vil bli arrangert på Kystmuseet i Ovågen i Øygarden 05.03.2018  kl. 18:00.

Oversikt planområde

Oversikt Fedje

Oversikt Kollsnes

Oversikt Øygarden nord

Planprogram

Frist for innspel og merknader

Frist for innspel og merknader til offentleg ettersyn av forslag til planprogram og varsel om oppstart av planarbeidet vert sett til 23.03.2018. Det er viktig at ein ved innspel og merknader skil mellom merknader til planprogrammet og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet. Innspel og merknader skal framsettast skriftleg og sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

eller

e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Øygarden eller Fedje kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Arne Kristian Kolstad

e-post: arne@abo-ark.no

tlf:       56570070

mobil:  95721101

Detaljregulering Høyneset, Follese, gnr./bnr. 12/37 m.fl., Askøy kommune

31.01.2018

I medhold av plan- og bygningsloven §§ 12-8, 12-9 og 12-14 blir det med dette varslet oppstart av detaljreguleringsplan og offentlig ettersyn av planprogram for Høyneset, Follese gnr/bnr 12/37 m.fl.

Planområdet ligger på Follese – på vestsiden av Askøy, nordvest for Strusshamn. Follese ligger ca. 5 km fra Kleppestø Kai. Planområdet er ca. 46 daa.

Oversiktskart

Om planarbeidet

Hovedformålet med planen er å legge til rette for boligbebyggelse på eiendom 12/37 mfl. med tilhørende tilkomst, uteoppholdsarealer og infrastruktur. Forslaget er i hovedsak i tråd med kommuneplanens arealdel til Askøy kommune. En mindre del av planområdet mot nord er avsatt som LNFR-areal og vurderingen er derfor at § 6, bokstav b) pkt. 25, vedlegg I i forskrift om konsekvensutredning blir utløst av planarbeidet. Ved konsekvensutredning skal det ved samtidig med varsel om oppstart legges ut et planprogram på offentlig ettersyn.

Planprogram

Brev varsel om oppstart

Innenfor planområdet er det tre gjeldende reguleringsplaner. Eiendom 12/37 er i gjeldende reguleringsplan for Ekrene regulert til industri. For øvrig er området regulert til kjøreveg, landbruksområde og boligbebyggelse. 

Viktige tema i videre arbeid med planen er blant annet trafikksikring, naboforhold, grøntstruktur, grunnforhold, landskap, strandsone, barn og unge og naturmangfold.

Planavgrensningen legger til rette for vurdering av ulike løsninger for atkomsten. I nord overlapper avgrensningen reguleringsplan 250- Nipa, Follese og i nordøst er veganlegg langs fylkesvegen innenfor avgrensningen. I sør går avgrensningen i sjø. Plangrensen vil endelig settes ved vurdering av tilkomst i planprosessen. 

Planavgrensning

Referat oppstartsmøte, tilrådning oppstart

Reguleringsplanen vil legge rammer for gjennomføring av tiltakene.

Forslagsstiller er Jansen Eiendom AS.

Plankonsulent er ABO Plan og Arkitektur AS.

For nærmere informasjon kan spørsmål rettes til ABO Plan & Arkitektur AS via e-post: post@abo-ark.no eller tlf: 56570070.

Informasjonsmøte

I forbindelse med varsel om oppstart vil det bli avholdt et informasjonsmøte 01.03.2018 kl. 18-20 på Folkets Hus, Kleppestø.

 Frist for innspill og uttaler

Merknader og uttaler til varsel om oppstart og forslag til planprogram skal framsettes skriftlig og frist for merknader/uttaler er satt til 18.03.2018. Det må fremgå av merknaden/uttalen hva som er merknad til varsel om oppstart og-/eller planprogram. 

Merknader til oppstart av detaljregulering og forslag til planprogram kan sendes skriftlig til:

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

eller

e-post: offentleg.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikke nødvendig å sende kopi av merknader/uttaler til Askøy kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i forbindelse med behandling av planprogram samt innsending av planforslaget til behandling.

Videre planprosess

Etter at fristen for merknader er gått ut, vil merknader til oppstart og planprogrammet bli behandlet av Askøy kommune. Deretter vil planprogrammet bli politisk behandlet og vedtatt av Askøy kommune. Planforslaget vil med utgangspunkt i vedtatt planprogram bli utarbeidet og sendt Askøy kommune for 1. gangs behandling. Etter 1. gangs behandling blir planforslaget vedtatt lagt ut til offentlig ettersyn. Det vil da være mulig å komme med merknader og uttaler til planforslaget før videre politisk behandling.

Image Not Found.

Endring av reguleringsplan for Halhjemsmarka 3, gnr/bnr 44/651

23.1.2018

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 blir det her varsla endring av reguleringsplan for Halhjemsmarka 3, gnr/bnr 44/651 og S1.

Tilgrensande areal til gnr/bnr 44/651, S1, er i gjeldande plan regulert til teknisk anlegg, trafo. Trafostasjonen er etablert  lengre oppe i Halhjemsmarka 3, så det er ikkje lengre aktuelt å nytte arealet til føremålet. Ein ønskjer difor å inkludere arealet i S1 til gnr/bnr 44/651. I tillegg ønskjer ein å heve kote på maks mønehøgd frå + 37,7 til +39,7 og maks høgd golv 1. etg frå 31,7 til + 33,7. Noko av bakgrunnen for endringa er at nabobygg på tomt 61 vil kome 1 meter frå nabogrense.

Eksisterande snuhammar vert verande.

Følgjande vert endra:

  • Tomtearealet for tomt 62 går frå 733- 1012 m2.
  • Ny innkøyring. Innkøyringa er den same som snuhammaren, men snuhammaren er sikra i plankartet.
  • § 3.3: «Området som i planen er merka S1 skal nyttast til kommunalteknisk anlegg» tas ut av føresegnene.
  • Ny føresegn § 6.1.1: «Innanfor #1 skal stien som går over arealet, og knyter seg til sti som går i friluftsområde til sjø, rustast opp.»
  • Maks mønehøgd går frå 37,7 til 39,7.
  • Maks golv 1. høgd går frå 31,7 til 33,7.

Os Bygg og Eigedom vil ruste opp stien som går over tilleggsarealet og knyter seg til sti som går i friluftsområde til sjø. Stien vil ligge att i friluftsarealet, og ikkje vere del av tomta.

Tiltakshavar har vore i dialog med Os kommune, og administrasjonen vurderer foreløpig at saka kan handsamast som ei mindre endring. Vi sender difor ut komplett endringsforslag til høyring.

Søknad om mindre endring/planomtale som skal sendast til kommunen ligger som vedlegg, der endringane er utførleg vist. Vedlagt ligger også endringskart, føresegner og illustrasjonar. Det er og lagt ved eit illustrert bygg som syner maks mønehøgd på kote + 39,7. Dette er berre ein illustrasjon og ikkje nødvendigvis slik bygget vil sjå ut.

Ein vedtatt reguleringsendring vil legge rammer for gjennomføring av tiltaka.

Tiltakshavar er Os Bygg og Eigedom og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

For nærmare informasjon kan spørsmål rettes til Unni Sjursen hos ABO Plan & Arkitektur AS:

Tlf: 900 29 764

e-post: unni@abo-ark.no

Vedlegg:

Gjeldande plankart

Gjeldande føresegner

Nye føresegner

Illustrasjon

Illustrasjon

Illustrasjon

Merknader til reguleringsendringa kan sendast skriftleg til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Unni Sjursen

Postboks 291

5203 Os

Eller på e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

 

Alle mottatte dokumenter, merknader o.l. blir sendt samla til kommunen saman med planforslaget. Det er ikkje nødvendig å sende kopi av merknader og innspel til Os kommune, dette vil bli ivaretatt av ABO Plan & Arkitektur AS.

 

Frist for merknader er satt til fredag 20.2.2018

Etter at fristen for merknader er gått ut, vil planforslaget bli sendt til Os kommune for handsaming.

Dersom det ikkje kjem vesentlege merknader mot reguleringsendringa i forbindelse med dette varselet, vil søknaden verta handsama som en mindre endring av reguleringsplanen i medhald av plan- og bygningslova § 12-14.  

GANG- OG SYKKELVEG FV 125 – HOLMEFJORD SENTRUM

19.01.2018

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for gang- og sykkelveg langs Fv 125 frå kryss med Fv48 til Holmefjord sentrum i Fusa kommune.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for gang- og sykkelveg og utbetre del av eksisterande køyreveg, Fv 125 Holsundvegen. Området er i kommuneplanens arealdel sett av til samferdselsanlegg, LNF- område  og LNF- område med føresegner om spreidd utbygging. Planforslaget skal regulere for samferdselsformål på strekninga mellom vedtatt plan for Fv 48 og vedtatt plan for Fv 125.

Planområdet er totalt ca 50 daa. Det er ved varsel om oppstart av planarbeidet tatt med eit større område enn naudsynt. Dette for å sikre tilstrekkeleg areal til vurdering av trafikale løysingar, vegens sideareal og sikre mellombels rigg- og anleggsareal for gjennomføring av prosjektet. Det kan bli aktuelt å sanere eller legge om avkjørsler og kryss. Når planforslaget er utarbeidd vil ein redusere planområdet til å berre omfatte naudsynt areal.

Det vil i løpet av planprosessen bli innkalla til informasjonsmøte for råka grunneigarar og andre interesserte. Informasjonsmøte vil bli gjennomført når ein har fått sett nærare på trafikale løysingar innanfor planområdet.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing.

Tiltakshavar er Fusa kommune og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

 

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Ola Klyve Dalland

e-post: ola@abo-ark.no

tlf:       56570070

mobil:  90021198

 

Frist for innspel og merknader

Frist for uttale til oppstart av planarbeidet er sett til 20.02.2018. Uttalar skal framsettast skriftleg og sendast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

eller

e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Fusa kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

 

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vil planforslaget verta utarbeida og handsama i Fusa kommune. Etter 1. gongs handsaming vert planforslaget lagt ut på offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å fremje innspel og merknader til planforslaget. Etter at perioden med offentleg ettersyn er avslutta vil ein gå gjennom innkomne innspel og merknader og evt. justering av planforslaget vil bli vurdert før 2. gongs handsaming i Fusa kommune.

 

Oversiktskart.pdf

Plangrense.pdf

Varsel om oppstart av planarbeid - detaljregulering for næringsområde Brubakken nord gnr. 86, bnr. 5 m.fl. Innvær, Bømlo kommune

01.12.2017

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-8 vert det varsla opp­start av: Detaljreguleringsplan for næringsområde Brubakken nord gnr. 86, bnr. 5 m.fl. Innvær, Bømlo kommune (Plan­ID: 201720). Planen vil oppheve del av reguleringsplanane R-138 Rv. 541 Innvær -Katthola, R-75 Stongarvågen og R-27 Industrifelt Bru­bakken.

Planarbeidet er i samsvar med kommuneplanen sin arealdel, der arealet er avsett til framtidig næringsvirk­som­het. Planområdet er om lag 101 daa, og omfattar følgande heile eigedomar: Gbnr.: 86/133 og 181, samt del av gbnr.: 86/5, 44, 74, 75, 114, 161, og 138.

Areal­føremål vil være næringsbygningar, og det er tenkt å etablere industri og kontor på området. For areal ved sjø vil det være natur­leg med eit kombinert føremål knytt til næringsbygningar og hamn, med tilhøyrande arealføremål i sjø. Ein skal leggje til rette for gange i planområdet, både for tilgang til friluftsområdet vest for plan­området, og for framtidig skuleveg til Rubbestadneset.

Tiltakshavar er grunneigarane i området.

Merknadar skal sendast skriftleg innan 12.01.2018 til: ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Pb. 32, 5401 Stord, eller haga@abo-ark.no

Vedlegg_1_Kart.pdf

Vedlegg_2_Vedtak_og_saksutgreiing.pdf



Kvålsvågen

29.11.2017

VARSEL OM OPPSTART AV DETALJREGULERING

KVÅLSVÅGEN GNR. 27 BNR. 6, FUSA KOMMUNE

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, vert det varsla oppstart av detaljregulering for Kvålsvågen, del av gnr. 27 bnr. 6 i Fusa kommune.

Om planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for naust, kai og tilhøyrande infrastruktur.

Området er i kommuneplanens arealdel sett av til LNF- område på land og kaste og låssetting i sjø. I nord grensar planområdet til vedtatt plan for Naustområde Kvålsvågen gnr. 27 bnr. 2 planid: 1241_200003 som regulerer for naust og småbåthamn med tilhøyrande infrastruktur.

Planområdet ligg i tilknyting til Kvålsvågen i Bergegrend ca 5 km frå Eikelandsosen. Området er del av utskipingsområde for det tidlegare kvartsbrotet Vanvik Kvarsbrot som var i drift frå 1950 talet. Det er innanfor planområdet oppført 8 bygg. I tillegg er det installasjonar og kaiar av varierande stand. Delar av bygningsmassen er delvis samanfallen medan andre bygg i betre stand. Området er i stor grad opparbeida med veg, opparbeida plass, kaianlegg og murar. Med ein lengre periode utan bruk er området tilgrodd med småvaksen lauvskog.

Planområde omfattar areal på land og i sjø. Mot vest er plangrens tilpassa reguleringsplan for Fv 552 Kvålsneset- Dorganeset. Mot nord er plangrensa tilpassa vedtatt plan for Naustområde i Kvålsvågen. I sør følgjer plangrensa eigedomsgrensene.

Planområdet omfattar totalt ca 7,8 daa, der ca 4,4 daa er på land og ca 3,4 daa i sjø.


Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing, jf. forskrift om konsekvensutgreiing  §§ 6, 8 og 10.

Reguleringsplanen vil leggje rammer for gjennomføring av tiltaka.


Tiltakshavar er Alexander Kvåle og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.

For nærare informasjon og spørsmål kan dette rettast til:

ABO Plan & Arkitektur AS

v/ Ola Klyve Dalland

e-post: ola@abo-ark.no

tlf:       56570070

mobil:  90021198


Frist for innspel og merknader

Frist for uttale til planarbeidet er sett til 08.01.2018. Uttalar skal framsettast skriftleg og sendast til:

 

ABO Plan & Arkitektur AS

Postboks 291

5203 Os

eller

e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no

 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av uttalar til Fusa kommune. Dette vil ABO Plan & Arkitektur AS ivareta i samband med innsending av planforslaget.

 

Vidare planprosess

Etter at frist for uttalar er gått ut, vil planforslaget verta utarbeida og sendt Fusa kommune for handsaming. Etter 1. gongs handsaming vert planforslaget lagt ut på offentleg ettersyn. Det vil då verta høve til å fremje innspel og merknader til planforslaget før vidare politisk handsaming.

 

Vedlegg:

Oversiktskart.pdf

Planområde.pdf