28. mars 2019

Helgatunlia vert byggemeldt

I april vert det byggemeldt husvære i lia over Helgatun.

Dette er 1. byggetrinn der det i alt skal koma 74 husvære. Formspråket er inspirert av snøskjermar langs jernbanen i høgfjellet. Der vart det satt opp enkle konstruksjonar som danna skjermar mot snøføyk som skulle hindra at togskinnene vart fulle av snø.

I Helgatunlia skal desse store spileveggane halda svalgangane fri for snø. Dei dannar ein snøfangar som stoppar snøen frå å rasa ned frå taket. Husværa er romslege. Det er lagt vekt på nok plass i opphaldsromma, og vindfanga er forma med tanke på oppbevaring av skiklede og utstyr.

Planlagt oppstart for byggjearbeid er sommar 2019.