16. september 2022
Plan & Arkitektur er stolte av å ha vore tett på dette banebrytande stykke arkitektur som skal liggja å sola seg i begeistra blikk utanfor Rosendal i lang tid framover. Salmon eye er eit visningssenter for framtidsretta og berekraftig produksjon av laks. Me vil ynskja å retta ei takk til Eide Fjordbruk som har brukt oss som ansvarleg arkitekt, for reguleringsarbeid og som ansvarleg søkjar for dette prosjektet. Det har verkeleg vore eit fantastisk prosjekt å følgja.