28. mars 2019
Budeiehaugen inneheld 34 små, men innhaldsrike fjellhusvære.
Me har lagt vekt på å utnytta plassen maksimalt, og har late planløysinga få eit «hyttepreg» med mange, små soverom, samt eit fellesrom der alle kan få plass rundt matbordet. I tillegg har me lagt vekt på direkte tilgang frå vindfang til bad, for å unngå at snø og væte blir drege inn i husværet. Bada er romslege, og har plass for tørk av sko og klede, og vindfanget har plass til romslege skohyller.
Bygg A er innflytt med 11 husvære. Bygg B og C er under oppføring.
For meir info: Budeiehaugen.no