2. juni 2022

Gøtz og ABO Plan & Arkitektur Stord satsar saman

Frå 1. august slår Gøtz seg saman med ABO Stord til eitt felles fagmiljø med kontorstad i Leirvik sentrum. Dei fire tilsette i Gøtz, og kunnskapen deira, vil bidra til at ABO blir eit sterkare fagmiljø som vert enno betre rusta til å møta konkurransen framover. Saman vil me representera  eit lokalt forankra rådgjevarmiljø med lokalt eigarskap.

Inngangen til Gøtz styrkar vår kompetanse og kapasitet innan dei tekniske faga veg, vatn og avlaup, i tillegg til arealplan- og landskapsfagleg kompetanse. Saman ønskjer me å gjere ein forskjell gjennom ei tverrfagleg tilnærming og eit solid fagleg arbeid. Dette krev god dialog og samarbeid  med både kundar og forvaltninga, samt eit sterkt engasjement for faget og samfunnsutviklinga.

Me ynskjer å vera ein aktør som er tett på. Prosjekta våre skal tilpassast kunden og staden på ein god måte. Tette samarbeid mellom lokale aktørar og leverandørar er ei vinn-vinn løysing for alle. Dette forpliktar oss til å levere høg kvalitet der utbyggar får eigenart, lokal identitet, – og dei beste løysingane.

For eksisterande kundar vil endringa ikkje merkast særskilt utover at Gøtz flyttar ned til Torgbakken og jobbar vidare under nytt firmanamn. Karoline Eldøy kjem til å halde fram som dagleg leiar. Dei to kontora av ABO Plan & Arkitektur utgjer med dette om lag 50 tilsette, og representerer slik ein av dei største uavhengige rådgjevarmiljøa i regionen innan plan- og arkitektfaga.

 
ABO er drive av aktive eigarar. Martin Gøtz og Vidar Vedå går inn i eigargruppa saman med Berit Haga Vikanes, Hedvig Steinsvåg Hansen, Karoline Eldøy, Nils Eivind Horneland og Turid Verdal i ABO.

Om ABO
ABO Plan og Arkitektur har sidan oppstart i 2016 fått ein positiv og god posisjon i lokalmarknaden. Bedrifta er lokalisert i Leirvik sentrum og har både private, profesjonelle utbyggjarar og offentlege aktørar på kundelista.

Om Gøtz
Gøtz AS er eit rådgjevande ingeniørfirma som leverer tenester innan arealplanlegging og kommunalteknikk. Firmaet starta opp i 2006, og har i dag 4 tilsette. Marknadsområde hovudsakleg i Sunnhordland, med både private, bedrifter og det offentlege på kundelista.

For meir informasjon kontakt:

  • Karoline Eldøy, dagleg leiar ABO Stord, mob 906 61 631
  • Arne Kristian Kolstad, styreleiar ABO Stord, mob 957 21 101
  • Martin Gøtz, dagleg leiar Gøtz, mob 472 63 639