9. juli 2021

Ledig stilling som planleggjarar innan veg, vatn og avlaup

ABO Plan & Arkitektur har eit tverrfagleg team på til saman 50 personar, fordelt på to kontora på Os og Stord. ABO er i dag eit av dei største plan- og arkitektmiljøa i Vestland. Kontora sin kompetanse er primært innan fagområde arealplan,  arkitektur og prosjektadministrasjon. Vi har lang erfaring med jobbar for private og offentlege oppdrags­gjevarar, og har stor breidde i type prosjekt. 

Grunna aukande oppdragsmengd ønskjer vi å styrkja staben, og søkjer følgjande:

Planleggjarar innan veg, vatn og avlaup

Vi søkjer sivilingeniørar/ingeniørar med erfaring i frå plan- og prosjekteringsarbeid innan eitt eller fleire av dei nemnde fag­områda. Prosjekta vi jobbar med varierer frå overordna planlegging i kommunedelplanar, og til meir detaljerte prosjekt som krev  planlegging og prosjektering i reguleringsplanar og byggeplanar.

Har du lyst å vera med å forma morgondagens samfunn?

Hos oss i ABO får du jobba allsidig og sjølvstendig, med støtte av eit godt fagleg team innan alle fag­område. Vi ønskjer å gjere ein forskjell gjennom ei tverrfagleg tilnærming og eit solid fagleg arbeid. Dette gjer vi gjennom god dialog og samarbeid  med både kundar og forvaltninga, samt eit sterkt engasjement for faget og sam­funns­utviklinga.

Vi tilbyr deg eit hyggeleg arbeidsfellesskap med eit godt og mangesidig fagmiljø, studieturar, sosiale og helsefremjande aktivitetar, konkurranse­dyktige løns- og arbeidsvilkår, moderne og godt utrusta kontorlokale.

ABO er liten nok til å halda på nærleiken, men store nok til å levera gode tverrfaglege prosjekt. Vil du vera med på laget?

 

Arbeidsstad Os eller Stord kan diskuterast.

Søknadsfrist 15. august 2021.

Søknad sendes til: ke@abo-ark.no

Har du spørsmål til utlysinga, ta gjerne kontakt med:

Stordkontoret ved Karoline Eldøy, mob: 906 616 31/e-post: ke@abo-ark.no eller Oskontoret ved Tommy Ingmar Hansen, mob: 975 84 004/e-post: tommy@abo-ark.no

 

www.abo-ark.no