11. desember 2020

Tunshovden minnelund

ABO vann i 2019 konkurransen om minnelund på Tunshovden på Voss.

Minnelunden er eit felles urnefelt der urnene er sett ned utan markering for den einskilde grava.  Eit felles gravminne med namneplater i kopar personleggjer minnet.

 

I utforminga er det lag til rette for at pårørande  kan tenna ljos, leggja ned kransar eller setja bukettar i vasar. Gravminnet blir støypt i betong der lokal stein, anorthositt, frå Voss i tilslaget gir den kvite fargen. I soklane er det larvikitt som gir den svarte fargen.

  

Gravminnet er under støyping med planlagt montering 23. desember 2020!