Åsen – Helleskaret

Tidlegare Os kommune har engasjert ABO til å utarbeide forprosjekt, reguleringsplan og byggjeplan for ny veg mellom Åsen og Helleskaret. Prosjektet er ei forlenging av vegen frå E39 Svegatjørn – Rådal igjennom Lyseparken i Endelausmarka mot Lysefjorden. Strekninga gjeld 1,5 km hovudveg med kryss til framtidige utbyggingsområde. Vegen vil bli bygd i regi av kommunen som kommunal veg, men vil bli bygd med tanke på at vegen skal vera fylkeskommunal i framtida.

Forprosjekt og reguleringsplan
ABO har utforma forprosjekt for kommunalveg og framtidig fylkesveg frå Lyseklosterparken til Søvik. Forprosjektet hadde som mål og vurdere nye alternative vegliner der vegen skulle planleggast med 60 km/t som dimensjonerande hastigheit, betre massebalansen i prosjektet og i større grad tilpasse veglina til terrenget. Med bakgrunn i forprosjektet vart det utarbeidd 4 alternative vegliner. Alternativa vart vurdert i forhold til kostnader, konsekvensar og funksjon. Med bakgrunn i forprosjektet vart det valt å gå vidare med alternativ 4, og dette innebar ei endring av gjeldande reguleringsplanFøremålet med endringa av planen er å regulere naudsynt areal for etablering av ny vegsamband ei mjukare linjeføring, lågare fartsgrense og justerast i forhold til massebalanse i prosjektet. Reguleringsplanen vart godkjent i 2019.

Prosjektering
Det er under arbeid byggeplan for prosjektet. Arbeidet er basert på forprosjekt og reguleringsplan frå 2019. ABO har fagområda veg, va og lark i prosjektet, samt koordinerer andre fagområde/ underleverandørar. Det er planlagt byggestart i 2020.

Prosjektinfo

Type oppdrag

Reguleingsplan og prosjektering veg, lark

Areal

1,5 km

Tidspunkt

2018 - pågåande

Oppdragsgiver

Bjørnafjorden kommune (tidlegare Os kommune)