Detaljreguleringsplan for FV 546 Storebøvegen
Etter avtale med Vestland fylkeskommune og Austevoll kommune gjennomfører ABO detaljregulering av fv. 546 Storebøvegen for breiddeutviding av køyreveg, oppgradering av g/sveg, vurdering av kryssløysingar langs strekka og oppgradering av busshaldeplassar. Føremålet med reguleringsplanen er å regulere for utviding av eksisterande gang- og sykkelveg, samt køyreveg for fv. 546 Storebøvegen frå like sør for Storebø sentrum til Austevoll ungdomsskule. Planen vurderer òg behov for sanering av eksisterande avkøyringar. Det er i samband med planen utarbeidd ein konsekvensutgreiing av temaa landbruk, støy og luftforureining, samt VA-rammeplan.
Planområdet ligg nord på Huftarøy i Austevoll kommune og utgjer eigedomane gnr. 43 bnr. 546 inkludert tilgrensande naboeigedommar langs vegstrekninga. Planområdet overlappar den sørlegaste delen av områdeplan for Storebø i nord og strekker seg til og med reguleringsplan for busshaldeplass ved Austevoll vidaregåande skule i sør. Strekninga som skal regulerast er om lag 2 km lang. I samband med reguleringsplanen vert det i nært samarbeid med Vestland fylkeskommune utarbeida tekniske planer for veganlegget.
Type oppdrag
Reguleingsplan og prosjektering veg, lark
Tidspunkt
2020 - pågåande
Oppdragsgjevar
Austevoll kommune
Del