ABO har hatt ansvar for å gjennomføre plan- og prosjekteringsarbeid i samarbeid med Fitjar kommune og Statens vegvesen. ABO også hatt i oppgåve med å koordinere arbeidet internt og mot andre leverandørar, samt kommunisere med oppdragsgjevar på kvalitet, status og framdrift.
Føremålet med prosjektet er å utbedre kryss fv. 545 i Fitjar sentrum for å legge til rette for eit miljø med hovedvekt på mjuke trafikantar som bur og ferdast i sentrum. Dette skal gjerast med å bygge miljøgate med fortau på begge sider og kollektivterminal.
Reguleringsplanl:
Arbeidet med reguleringsplan er gjennomført for Fitjar kommune, men i tett samarbeid med Statens vegvesen. Arbeidet vart utført i 2015-2016. Planen innebar detaljregulering av Fv545 gjennom Fitjar sentrum. Vegen er planlagt som miljøgate og det er regulert kollektivterminal i samarbeid med busselskapet Skyss. Miljøgata omfattar også fv.75, kommunalvegar og parkeringsplass.
Prosjektering og byggeplan. LARK, veg og VA anlegg:
Prosjektering av veganlegget og parkanlegg er utført for Statens vegvesen i perioden 2016-2019. Det er utarbeidd byggeplan etter R700 og anbodsgrunnlag etter Prosesskode beskrivelse etter R761.
VA prosjektering er utført for Fitjar kommune. Arbeidet er utført etter Fitjar kommune sin VA-norm og anbodsgrunnlag er utført etter Prosesskode beskrivelse etter R761.
Type oppdrag
Reguleringsplan og prosjektering VEG, LARK og VA
Areal
Tidspunkt
2015-2019
Oppdragsgiver
Statens vegvesen og Fitjar kommune