27. oktober 2025

Bjørnafjorden kommune rullerer kommuneplanen – har du ein eigedom du vil utvikle?

Bjørnafjorden kommune har starta arbeidet med å utarbeide ny kommuneplan for perioden 2027-2038. Kommunen seier sjølv at «Arealplanen skal legge til rette for ei robust og berekraftig utvikling i Bjørnafjorden. Areal til bustadbygging, næringsutvikling, strandsone, vegar, vatn- og avløpssystem og offentlege tenester som skule, barnehage og helse- og omsorgstilbod er tema som står sentralt i planen.»

Kommunen opnar for innspel til ny arealbruk, med frist 15. februar 2026.

ABO Plan & Arkitektur kjenner Bjørnafjorden kommune svært godt, og kan bistå med strategisk rådgjeving og utforming av innspel.

Ta kontakt på post@abo-ark.no eller tlf. 99769716 for ein uformell prat.