23. august 2019

Husnes seniorsenter

Eit inkluderande bustadprosjekt
Seniorgruppa ved Frivilligsentralen i Kvinnherad gav arkitektane i ABO i oppgåve å skapa eit attraktivt bustadprosjekt midt i Husnes sentrum. Det skulle vera tilrettelagt for godt vaksne personar (67+), med ein kostnad som tillet flest mogleg å kjøpa seg inn.

Konseptet
Bygget skal vera ein trygg heim og samstundes eit bindeledd til samfunnet rundt ved å gje rom for aktivitetar utover å berre vera bustader.

Bygget
Bygget er på om lag 3 500 m² i bruttoareal, fordelt på 4 etasjar. Bygningsmassen har ein L-form og er plassert i det nordvestlege hjørnet av tomtegrensa, slik at det skjermer og rammer inn eit hageanlegg mot vest. Mot øst, og inngangssida av bygget, er det lagt til rette for carportar og opne parkeringsplassar.

Bygget gjer plass til leilegheiter, fleire typar fellesareal, næring og/eller offentlege funksjonar.

Leilegheiter
33 leilegheitar er fordelt over 3 etasjar. Storleiken varierer frå 65 til 90 m² i bruksareal (BRA) med 1 – 2 soverom. Dei er planlagt med universell utforming og tilrettelagt for velferdsteknologi. Alle får ein stor overbygd balkong som privat uteopphaldsareal.

På grunnplanet har kvar leilegheit ei utebod med plass til å lade ein elektrisk rullestol og til lagring elles.

Fellesareala
På grunnplanet er ei «storstove» og eit felleskjøken plassert sentralt ved inngongspartiet. Her kan ein ikkje unngå å sjå og bli sett, og areala vil fungere som ein viktige sosial arena for både bebuarar og samfunnet rundt. Storstova og felleskjøkenet kan vera inntektsbringande ved å gje rom for kafé på dagtid, bar på kveldstid og ein stad å halda føredrag, små konsertar eller visa film. Romma vil vera svært godt eigna til private markeringar og feiringar. Denne type fellesareal kan kommunen eiga eller leiga, og kan fungere som t.d. frivilligsentral.

Ein stor frodig felleshage ligg rett utanfor felleskjøkenet og storstova. På fine dagar kan ein opna opp for utandørs matservering. Hagen fortset som ein del av bygget med klatreplanter oppover branntrappa og planter langs svalgangane.

Felleshagen vert lagt til rette for universell utforming og inkluderer opphøgde blome- og urtebed, styrketreningsapparat og bord tilpassa sjakkspel o. l. for folk i alle aldrar. Ein sti rundt hagen på flatt underlag er fint for små trimturar ute i frisk luft.

Midt i felleshagen er det plassert eit drivhus med eit langbord og ein eldstad. Der vil ein ha god plass til både å dyrke vekstar og vera ein koseleg møtastad heile året.

Det er lagt til rette to «hotellrom» som kan leigast av bebuarar som har besøk, eller av andre når romma står ledige.

Disponible areal
På grunnplanet er det eit ca 270 m² disponibelt areal som kan nyttast til offentlege tenester eller private næringsareal.