30. juni 2018

Ny daglig leder

Tommy I. Hansen har overtatt som sjef for ABO.
– Selskapet hadde behov for å styrka administrasjonen, seier Arne Kristian Kolstad.

Les hele saken på midtsiden.no

Arne Kristian Kolstad, som har vore partner i ABO Plan & Arkitektur sidan 2010, gjekk frå stillinga som avdelingsleiar for planarbeid då han i starten på 2016 overtok sjefsstolen etter Lars Christensen.

No går Kolstad omtrent same veg som Christensen gjorde, tilbake til faget sitt i same firma, for å gje leiarrolla til ny kandidat.

– Eg skulle kombinera 50/50 planarbeid og administrasjon, men hovudfokuset blei på dagleg leiar-stillinga. Samtidig har ABO halde fram med å veksa, og vi hadde behov for å styrka administrasjonen.

– Ein av dei fire gründerane, Bjørn Atle Drange, pensjonerer seg i år, og oppdragsmengda aukar, fortel Kolstad.

ABO Plan & Arkitektur har vakse med 2-3 tilsette i året. I 2016 etablerte dei kontor på Stord og i 2017 kjøpte dei arkitektkontoret Plan Vest AS på same øy. Samla er dei oppe i 44 tilsette.

Ny dagleg leiar er Tommy Ingmar Hansen. Han byrja i jobben 1. juni.

ABO har hatt tradisjon for å ha ekstern styreleiar. Ny styreleiar er Christine Kahrs. Dagleg leiar-jobben har til no vore innomhus, rekruttert frå eigen stall. Hansen har kome inn utanfrå.

– Vi hadde bra med søkjarar til jobben og tok tre av dei inn til intervju. Vi køyrde gode prosessar på dette før jul, og blei einige med Hansen i januar, fortel den avtroppa sjefen.

– Eg føler meg veldig godt mottatt i Hamnevegen, og trivst allereie godt i ABO, seier Tommy I. Hansen.

Les hele saken på midtsiden.no