21. august 2025
Før sommaren gjorde utval for plan, bygg og miljø i Bjørnafjorden kommune vedtak om at reguleringsplan for utviding av fiskeforedlingsfabrikken Inka på Røtinga i Øyane, skal leggast ut på høyring/offentleg ettersyn. Høyringa er no kunngjort, og frist for å gje uttale er 01.10.2025.
Inka AS er ein familiebedrift med lang historie innan bearbeiding av norsk laks og aure på Vestlandskysten. Formålet med planen er å utvide eksisterande fabrikk for å sikre større frysekapasitet. Dette vil sikre jamnare og meir føreseieleg drift av fabrikken, som no har utfordringar med kapasitet i anlegget på grunn av for lite fryselager.
Når fabrikken kan ta i mot og lagre varar ved auka frysekapasitet, betyr dette at transporten i større grad kan styrast og samlast, utan å vere styrt av lagringskapasiteten.
Tilbygget vert plassert i bakkant av eksisterande bygg og er regulert til å kunne ha same høgd. Nytt bygg kan vere om lag 3.000 m2.
Det er utarbeidd konsekvensutgreiing for klimagassutslepp, som vurderer klimapåverknad knytt til arealbeslag, masser og transport. Planområdet ligg tett på regionalt viktig friluftsområde. Det er difor utarbeidd konsekvensutgreiing for tema friluftsliv.
Planen er utarbeidd i tett dialog med Statens Vegvesen, som utarbeidar reguleringsplan for Hordfast i same område.
ABO Plan & Arkitektur har utarbeid alle plandokument, inkludert konsekvensutgreiingar.
Her finn du dokument i saka:
https://bjornafjorden.kommune.no/sok-etter-sak/filter-kunngjeringar/offentleg-ettersyn-av-elvedalen-gjelevika-29-333-m-fl.44928.aspx