30. mars 2020

Reguleringsplanen for Brynalii på Voss vart einstemmig vedteken den 20. mars

Det er ein kompleks plan som mellom anna legg rammene for transformasjon av gamle fellesbakeriet til nytt bygg som mellom anna skal husa Voss lensmannskontor, Posten, Voss fellesbryggeri samt nye leigetakarar.

All honnør til fagetaten i Voss herad som har vore konstruktive og ekspeditte heile vegen, og ikkje minst til heradsstyret som klarte å vedta planen trass i ny og totalt endra arbeidssituasjon.

Nabovarsel for 1. byggetrinn er allereie sendt.