Trafikksikkerhetsplan Haugesund

ABO Plan & Arkitektur Stord har vore konsulent for Haugesund kommune sitt arbeid med revisjon av trafikksikringsplan 2017-2021. Planen er m.a. eit grunnlag for å kunne søke om midlar for trafikksikringstiltak og for å nytte og prioritere kommunale midlar. Haugesund kommune har eit mål om at veksten i persontrafikk skal takast gjennom sykkel, gange og kollektiv og at følgjereiser bør i stor grad skal skje til fots eller på sykkel. Med bakgrunn i desse to målsetnadane har planarbeidet særleg fokusert på tiltak knytt til skuler og mjuke trafikantar. Planen er utarbeida som ein temaplan der attraktivitet og tilgjenge for alle, samt å legge til rette for gode val i kvardagen er sentrale forhold. I tråd med dette har Haugesund kommunen innført begrepa og målsetningar kring Aktiv skuleveg og hjartesone rundt kvar enkelt barneskule i planarbeidet.

I arbeidet har det vore lagt særleg omsyn og vekt på berekraftig utvikling, mjuke trafikkantar (syklande og gåande), samt barn og unge. Det er gjennomført registreringar, analysar og utarbeida løysingsforslag/tiltak, samt ein handlingsplan.

Prosjektinfo

Type oppdrag

Temaplan. Trafikksikkerhetsplan

Areal

Heile kommunen

Tidspunkt

2017

Oppdragsgiver

Haugesund kommune